Opplæringslova §9a - Alle elevar har rett til eit trygt
og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring og aktivitetsplikt for
å sikre at elevar har eit trygt og godt psykososialt skulemiljø.
Aktivitetsplikta gjeld alle som arbeidar på skulen
skal:
Følgje med på om elevane har eit trygt og godt skulemiljø
Gripe inn mot krenking som mobbing, vald, diskriminering og trakassering dersom det er mogleg
Varsle rektor dersom dei får mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø. Rektor skal varsle skuleeigaren i alvorlege tilfelle
Snarleg undersøkje saka ved mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø
Når ein elev seier at skulemiljøet ikkje er trygt og
godt, skal skulen så langt det finst eigna tiltak sørge for at eleven får eit trygt
og godt skulemiljø. Det same gjeld når ein ved undersøking viser at ein elev
ikkje har eit trygt og godt skulemiljø. Skulen skal sørge for at involverte
elevar blir høyrde.
Kva som er best for elevane, skal vere eit
grunnleggjande omsyn i skulen sitt arbeid.
Skulen skal lage ein skriftleg plan når det skal
gjerast tiltak i ein sak. I planen skal det stå
a) Kva problem tiltaka skal løysa
b) Kva tiltak
skulen har planlagt
c) Når tiltaka skal gjennomførast d) Kven som er ansvarleg
for gjennomføringa av tiltak
e) Når tiltaka skal evaluerast.
Skulen skal dokumentere kva som blir gjort for å oppfylle aktivitetsplikta etter
første til femte ledd.